Forfattarane og forlaget

Forfattarane er ihuga fjellvandrarar med eit bankande hjarte for Breidablik og fjellområda som omkransar hyttetunet i Kvam i Hardanger.
 
Lars Arvid Oma (f.1961) frå Øystese har bakgrunn som pressefotograf og journalist. Han har arbeidd i fleire norske mediehus, mellom anna Firda i Førde, Bladet Vesterålen på Sortland, Harstad Tidende og Hordaland Folkeblad i Norheimsund. Han arbeider no i deltidsstilling på Hardanger Fartøyvernsenter som fotograf, som redaktør for magasinet Fartøyvern og dokumentasjonskonsulent. I tillegg driv han føretaket Hardanger Media AS.
 
Inger Dysvik (f.1960) frå Øystese har erfaring med formidling, gjerne gjennom song og musikk. Ho er i tillegg oppteken av å fortelja gjennom tekstar og foto. Dysvik er sosionom med vidareutdanning i musikk og helse. Ho arbeider for tida i Kvam kulturskule.
 
Forlaget
På biletet ser me fjelltoppen som gav namn til det nystarta Skrivarnuten forlag. Fjellet ligg ikkje langt frå Breidablik. Forlaget tek i første omgang sikte på å gje ut eigne bøker.
 
Utgjevar: Skrivarnuten forlag, Øystese
Design og layout: Glynt AS, Øystese
Trykk: John Grieg, Bergen
Opplag: 3.000