Historia om det eventyrlege livet på fjellet :

“Breidablik – eit fjelleventyr”

Breidablikboka, som er på 336 sider, fortel om livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse frå Øystese i Hardanger. I 2018 var det 50 år sidan paret starta bygginga av det som skulle bli eit eventyrleg hyttetun 1162 meter over havet i vakre Hardanger. Ekte fjellglede og gjestfridom har alltid vore berebjelkane for det livslange prosjektet. I 2012 overtok Bergen og Hordaland Turlag ansvaret for det sjelfulle anlegget.
Kanskje du har lyst til å lesa om den fengslande historia om fjellslottet Breidablik, før du for første gong – eller på ny, tek turen til det eventyrlege riket mellom Skrott og Geitafjell?
No er det spesialpris på boka:

Godt sommartilbod:

229,- kroner inkl. frakt!

(vegl. pris: 490,- kroner  pluss frakt)
 

 

 

Breidablik eit fjelleventyr 155 6

Fakta om den boka

Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske hyttetunet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse. Her budde familien kvar sommar frå 1968 og fram til Bergen og Hordaland Turlag fekk overta det særprega hytteanlegget i 2012.
Boka, som er rikt illustrert med fotografi og teikningar, skildrar byggeprosessen – frå starten i 1968 og fram til den nye DNT-gjestehytta stod ferdig hausten 2018. Ei investering på nær sju millionar kroner viser at turlaget i vestlandshovudstaden meiner alvor med å sikra Breidablik for framtida, som allereie er blitt ei av dei mest populære DNT-hyttene i Hordaland.
Boka byd også på sidehistorier, alle med utgangspunkt i Breidablik og kjærleiken til fjellet: Om det harde arbeidet, naturopplevingane, fridomen i høgfjellet, dei gode møta mellom fjellfolk, gjestfridomen til vertsfolket og den djupe fjellgleda som Bjarne og Anne Marit har formidla i 44 år. Ei stor skattkiste er dei mange hyttebøkene (dagbøker), der Haugbonden sjølv, Bjarne, har skrive eigne skildringar kvar dag i fjellet sidan starten i 1968.
Det vert med andre ord dokumentasjon, skråblikk, skildringar og portrett i ei høveleg blanding.
 
Design og layout: Glynt AS, Øystese
Trykk: John Grieg, Bergen
Opplag: 3.000

 

Breidablik eit fjelleventyr 156 7

Om forfattarane

Forfattarane er ihuga fjellvandrarar med eit bankande hjarte for Breidablik og fjellområda som omkransar hyttetunet i Kvam i Hardanger.
 
Lars Arvid Oma (f.1961) har bakgrunn som pressefotograf og journalist. Han har arbeidd i fleire norske mediehus, mellom anna Firda i Førde, Harstad Tidende og Hordaland Folkeblad i Norheimsund. Han arbeider no på Hardanger Fartøyvernsenter som fotograf, dokumentasjonskonsulent og redaktør for magasinet Fartøyvern.
 
Inger Dysvik (f.1960) frå Øystese har erfaring med formidling, gjerne gjennom song og musikk. Ho er i tillegg oppteken av å fortelja gjennom tekstar og foto. Dysvik er sosionom med vidareutdanning i musikk og helse. Ho arbeider for tida i Kvam kulturskule.
 
På biletet ser me forfattarane framfor Skrivarnuten, fjellet som gav namn til Skrivarnuten forlag. Det ligg ikkje langt frå Breidablik.
8121446 1
Breidablik eit fjelleventyr 155 5

Kor får eg tak i boka?

Du kan kjøpe boka direkte frå forlaget og få henne tilsendt i posten.

Bestill HER:

Boka er elles til sals på desse utsalsstadane:

Huus Bohandel, Øystese
Mo Sport, Norheimsund
Vossevangen Libris, Voss
Arna Libris, Arna
Bergen og Hordaland turlag, Bergen
Norli,  Bergen
Haugen Bok