Breidablik – eit fjelleventyr

Lars Arvid Oma og Inger Dysvik har skrive historia om det magiske fjellslottet Breidablik (1162 m.o.h.) i kvammafjella i Hardanger. Hyttene mellom Skrott og Geitafjell er livsverket til Bjarne og Anne Marit Huse. Her budde familien kvar sommar frå 1968 og fram til Bergen og Hordaland Turlag fekk overta det særprega hytteanlegget i 2012.
      Boka på 336 sider vart lansert rett før jul 2018.
Boka, som er rikt illustrert med fotografi og teikningar, skildrar byggeprosessen – frå starten i 1968 og fram til den nye DNT-gjestehytta stod ferdig hausten 2018. Ei investering på nær sju millionar kroner viser at turlaget i vestlandshovudstaden meiner alvor med å sikra Breidablik for framtida, som ei av dei mest populære DNT-hyttene i Hordaland.
      Boka byd også på sidehistorier, alle med utgangspunkt i Breidablik og kjærleiken til fjellet: Om det harde arbeidet, naturopplevingane, fridomen i høgfjellet, dei gode møta mellom fjellfolk, gjestfridomen til vertsfolket og den djupe fjellgleda som Bjarne og Anne Marit har formidla i 44 år. Ei stor skattkiste er dei mange hyttebøkene (dagbøker), der Haugbonden sjølv, Bjarne, har skrive eigne skildringar kvar dag i fjellet sidan starten i 1968.
      Det vert med andre ord dokumentasjon, skråblikk, skildringar og portrett i ei høveleg blanding.